
Våre SpaCapsule maskiner gjev deg den beste massasjen du kan tenkje deg. 28 dyser beveger seg opp og ned i eit tempo og ein styrke du bestemmer
. Desse masserer deg med vatn. Eit tynt lag med presenning gjer at du ikkje vert våt. Du ligg fult påkledd på magen på ein benk og berre nyter masseringa utan å bli våt.

Hjelper mot:
Ømme og såre musklar
Dårleg sirkulasjon
Stress
Cellulittar
Overvekt
Kven kan nytte seg av SpaCapsulen?
Stort sett alle kan nytte seg av denne typen massasje d
å styrken og tempoet på massasjen bestemmes av brukaren. Vi anbefaler likevel ikkje massasjen dersom du er nyoperert av noko slag.Har du betennelsestilstander i muskulaturen har den eine av våre SpaCapsula eit eige kjøleanlegg og gjer at temperaturen på vatnet som masserer kan kome ned i 5 grader celsius dersom det er ønskeleg.
Praktisk info
Ein ligg på magen på ein benk som ser ut som ein massasjebenk. Toppen på SpaCapsulen vert senka ned. Ein får på høyretelefon slik at ein kan høyre på musikk(valfritt), og ein kan sjå på vakre naturbilete på ein liten tv-skjerm(valfritt). Ein frå senteret hjelper til med innstilling av maskina og kjem i samråd med deg fram til korleis dei forskjellige funksjonane skal stillast inn. Det gjeld blant anna tid (15 el 20 minuttar), styrke på massasjen, farten på massasjen , temperatur og kor på kroppen ein vil masserast. Maskina er utstyrt med nødstogg dersom ein ynskjer å avbryte massasjen undervegs.