
Floating.
Kva er floating?
Floating oppstod i USA på 50-talet. NASA utvikla floatingteknikken for å kunne studere astronautar i vektlaus tilstand. Floating er ein metode for mental og fysisk avslapping gjennom reduksjon av sanseinntrykk. Syns- og høyrslesinformasjon kroppen vert utsett for i kvardagen skal bearbeidast. Ved hjelp av floating får hjernen tid til å ”kvile” og gjenskape sin eigen balanse og restituere seg.Korleis floater ein? Ein ligg på ryggen inni flytetanken som er fylt med ca 750 liter vatn. Vatnet er ca 25 cm djupt og helt ein temperatur på ca. 35,2 gradar.
Dette er temperauren som hudas ytterlag held og det kjennes derfor varmt og behageleg. For å oppnå flyteeffekt har vatnet eit saltinnhald på 24%. Saltet me brukar er Epsom salt (Magnesiumsulfat). Det er veldig skånsomt og godt for huda.Kven kan floate? Stort sett alle kan floate, men det finnes nokre unntak
*Personar med epilepsi som ikkje er tilstrekkeleg medisinert. *Personar som er ruspåvirka * Personar som er alvorleg psykisk sjuk. *Gravide bør ikkje floate i 1. trimester, men så lenge det er eit normalt svangerskap er det ikkje kontraindisert. (I England er floating veldig populært for høggravide, særleg dei med bekkenløysingsproblem.) * Har du store opne sår bør du heller ikkje floate.
Kva hjelper floating mot?
Reduserer muskelspenningar, muskel og leddsmerter
Reduserer smerte og behov for smertestillande medisin
Reduserer hovudpine
Har vist positiv effekt på whiplash pasientar og pasientar med fibromyalgi, pasientar med muskelsjukdomar og revmatisme
Gjev betre nattesøvn
Har vist positiv effekt på stress, utbrentheit og depresjon
Gjev avspenning og auka velvære
Gjev betre humør (mild eufori)
Forbetrar kreativitet og gjev energi
Kan redusere blodtrykk
Auke prestasjonsevna
Reduserer jetlag
Vanlige spørsmål:
Kan eg floate når eg har klaustrofobi? Flytetanken har ei sidedør og ei luke på taket som kan opnas
t og lukkast som ein sjølv vil. Mange ynskje å ha "takluka" delvis open den fyrste gongen, men oppdagar at når dei sjølve kan styre dette så er det ikkje så skummelt. Ein kan når som helst gå ut av flytetanken.Korleis er det med hygienen når ein badar i same vatn som alle andre? Tanken vert køyrd gjennom eit renseprogram mellom kvar kunde. Då vert vatnet UV stråla og filtrert. Det høge saltinnhaldet i vatnet og hydrogenperoksid som er tilsatt gjer at ingen farlege mikroorganismar kan overleve i vatnet.
Kan eg drukne? Nei, det er umogleg pga det høge saltinnhaldet som gjer at ein flyt.
Må eg ha med noko for å floate? Me tilby
r handklede, shampo, dusjsåpa og balsam. Me har og ein hårfønar. Dersom du treng andre personlege ting (for eksempel badetøy, deodorant, stylingsprodukt) må dette medbringast. Me brukar kun økologiske produkter.Kan eg oppleve bivirkningar? Nokre opplever å verte kvalme fyrste gongen dei floater, andre vert stiv i nakken. Dette er teikn på at kroppe har responderer på behandlinga. Det vil som regel forsvinne etter 2- 3 floatingtimer.
Er det nokre forberedelser? Du vil verta nøye instruert ved fyrste konsultasjon. Det heng også instruksjonsliste på veggen på alle floatingromma. Me anbefaler at ein ikkje barberer seg same dag som ein skal floate
. Det høge saltinnhaldet mot sår hud gjev irritasjon. Ein bør også la vere å drikke koffeinhaldig drikke rett før da dette kan virke inn på avslappingsevna di. Dersom du bruker kontaktlinser bør desse takast av og ein bør ha med noko å oppbevare dei i.Eg er gravid. Er floating skadeleg for barnet? Nei, det er det ikkje. Har du eit normalt svangerskap er det ingen grunn til engstelse. Høggravide kan nytte ekstra godt av avslappinga floatinga gjev. Mange har også opplevd positiv effekt ved bekkenløysingproblem. Ein anbefaler ikkje floating i 1 . trimester.
Eg har mensen. Kan eg floate? Du kan floate, men må bruke tampong.
Epsom salt:
Epsomsalt vart oppdaga i jordsmonet på 1600-tallet i Epsom, England. Sidan 1710 har ein framstilt saltet i laboratorium. Saltet vart kjent i Europa som engelsk salt.
Epsomsalt er så godt som rein magnesium. Saltet vert brukt til badesalt ved vond rygg, reumatis
me og annen verk, ømme muskler og ledd. Nokon hevdar at eit slikt bad gjev 33,3 % meir effektiv søvn, men dette er ikkje forskningsdokumentert. Esombad vert omtala som å lada opp energi. Nokre idrettsutøvera tek slikt bad kvelden før tevlingar. Ved 24 % epsomsalt i vatn oppnår ein flyteffekten.